mandag 21. september 2009

Se torsken, se torsken!



"Dette er bare sånne fisker man ser i Akvariet, det! "

- Ingvild Røysland Torvund, etter Davids storfangs utanfor Sotra juli 2009.

tirsdag 18. august 2009

Oss to.

Ein å vere to i lag med.
Fint med ein å gå på tur i lag med,fint med ein å vere sur i lag med.

Fint med ein å ha ein katt i lag med,ha ei stund i lag med,ta ein blund i lag med.

Fint med ein å vere glad i lag med, eller vere stiv og sta i lag med.

Fint med ein å vere snill i lag med,teie still i lag med,vere til i lag med.

Vere to i lag og teie still,vere to i lag og vere til.

Fint med ein å ha det flott i lag med,ein ein òg kan ha det smått i lag med.

Ein å dele styr og stell i lag med,dele fell i lag med,dele gjeld i lag med.

Ein som ein kan vere blid i lag med,ein ein kjenner seg heilt fri i lag med.

Ein som ein kan halde fred i lag med,og kan le i lag med,hogge ved i lag med.
Vere to og hogge ved,vere to i lag og kunna le.

Fint med ein å få ein prat i lag med eller få ei mål med mat i lag med.

Ein å ro ein liten båt i lag med,vere våt i lag med,kjenne gråt i lag med.
Ein som ein kan ta ein trall i lag med, eller snuse på konvall i lag med.
Ein å kunne sjå det gro i lag med,vere god i lag med,vere to i lag med.

Vere to i lag og ikkje sju,vere to i lag med ein som du!



Fritt omskrevet etter Josef G. Larssen.

tirsdag 7. juli 2009

Vår perfekte dag





Me hadde ein heilt utrulig flott dag den 30.mai! Solo skein, cabrioleten glinsa, gjestene hoia og brudeparet kyssa. Tusen takk for alle som gjorde dagen vår te den beste festen nokonsinne!

mandag 6. april 2009

Bryllupsreisa i boks


Me starta med Italia, var innom Malaysia og India, Island, New York og Jamaica, Marokko og Egypt. Til slutt enda med opp med Italia igjen!

1. juni flyr me avgårde til Italia. Lander i Pisa og skal fly tilbake frå Roma. 14 dagar med sol, vingårdar, slott, statuar, strand, shopping og romantikk.

Har du vore i området og har nåken tips? Ja, takk, seier me då.

mandag 16. mars 2009

For dei som vil sova på sumarøyo

Fitjar - det nære øyriket. Ein stad å oppleva, ikkje berre for timane i bryllupet!
Dagen etter bryllupet blir det frukost/lunch hos
Leikny og Audun Torvund (bruda sine foreldre, jamfør det kvite huset). Me håpar mange vel å overnatta, slik at me også treff dykk her!

Om de har lyst å overnatta anbefaler me:

enten

Fitjar Camping - heilt nyoppstarta og fine leiligheter,
ellers også andre campingmulighetar. Ligg ca 2 kilometer frå Fitjar sentrum/kyrkja,
20 minutt frå festlokalet. Pris for leilighet med plass til seks - 1000 kroner.

eller

Dalebua - idyllisk lite småhus heilt nedi sjøkanten i Fitjar "sentrum".
Ligg nokon hundre meter frå Fitjar kyrkje, 20 minutt frå festlokalet.
Ca 225 kroner per person - plass til seks stykker på tre rom.
Ta kontakt med Torvald på 909 90 406.

Grand Hotell , i Leirvik sentrum. 10 minutt lengre sør enn festlokalet,
30 minutt frå Fitjar sentrum. Me har reservert nokon rom, så ta kontakt på
53 40 96 00 med referansenummer 16352. Pris ca 1000 per rom.

PS!! Me kjem til avslutta festen slik at folk som vil ta 02.00-ferja frå Sandvikvåg (Fitjar) til Halhjem (Os) om natta kan gjere det.

Trykk på kartet for ein større versjon av kor kyrkja ligg i forhold til lokalet og overnattingsmulighetane:)

søndag 8. mars 2009

Ønskelista vår!


Me har lagt inn ønskeliste til bryllupet på:
(PS: Ifølge Jernia kjem Jamie Oliver steikepanna og gryta (6 liter) på tilbud til halv pris i mai. )

Gå inn på nettet eller innom butikken. På Tilbords på nettet må du bruke passordet "bryllup".

Ellers ønske me oss:

* NY BIL!!! (Men da e vel helst Solfrid sitt ønske, David e visstnok
meir enn fornøyd med Mazdaen..;) )
* Vannski og våtdrakt
* Kenwood kjøkkenmaskin - Major Classic
* Høie sengetøy 220 cm. - klassisk stil
* Stormkjøkken og gode liggeunderlag
* Ekteskapsweekend, gjerne litt fleksibel på tid/stad
* Hengekøye
* Videokamea - eit lite og nett ett:)
* Picknik-kurv med tilbehør
* Medisinskap med tilbehør:)
* Gavekort på opplevelsar (gjerne ilag med dåke) på alt fra revy/show,
konsertar, reiser eller type gocart/curling osv.
* Kjølebag
* Bord til Daycruiseren vår, Askeladden 535 Invader.
* "Båtdyner" og andre smarte ting til overnatting i båten:)
* Gavekort på sportsbutikk, feks. XXL
* Gavekort på interørbutikk, type Indiska, Lyst, Living osv.
* Gavekort på Platekompaniet
* Heimelaga oppskriftsbøker :)
* Liten fryseboks - 100 liter.
* I tillegg til gryte på 6 liter på Jernia ønske me oss samme type gryte i 1,8 liter.
PS: Om dåke vil kan dåke skriva i kommentarfeltet på denne sida ka dåke har kjøpt,så sleppe andre å kjøpa nett da samma. Me ska lova å ikkje kikka! :)

torsdag 26. februar 2009

Kun dei beste er gode nok



Bryllup treng forlovarar og me fant sjølvsagt dei beste!

Bjørnar og David fant tonen i "Sølsvikja" heilt nord på Sotra før Solfrid ein gong vart fødd.
Dei lekte, lo, krangla - men blei alltid venne igjen. Mens Bjørnar holdt skule for resten av bygdebarna som fjerdeklassing, var David ein solid støttespelar. Også når dei spelte inn film om politikarar, fjernsynskjøkken og anna "morro".
Bjørnar er sosial, morsom, klarer aldri å sei nei,
glad i paraplydrinkar og flink å tenne stearinlys;) I tillegg er han nok den einaste rektoren i landet som har fått kompliment på sveisen sin fra 7.klassejentene. Han har ørten jern i ilden,
og alltid skjegget fullt av postkassar - men komme unna med da mesta med ein heftig sjarm!

Aina og Solfrid blei kjent i eit boblebad (!) på leirskule på Hovden for sånn ca 12(?) år sio... Hang samen som erteris sio den gang, og er mang ein gang blitt tatt for å fullføra kvarandre sine setningar. Dei to blondisane har opplevd litt og kanskje litt for mykje ilag: baksetefnising i gjengens rånebilar, sjølbruningssjokk etterfulgt av polakksjekking i gulrotfarge, heftig avlytta telefonsamtalar, bikinibilde-kampar and so on. Så blei me voksne, og reiste ut i den store verda prøva lykken som servitørar, leka cowgirls, sjekka opp engelskmenn og forutsaka trafikkuhell på veien... :) Aina er søt som få, kul, kunstnerisk, litt småhysterisk (Ja, men Solfrid - tenk viss...!), glad i jenteprat og fruktsalat og sjarmere daglig siddisar med tannverk.

fredag 20. februar 2009

Endelig litt action!


Bloggen vår har på ein måte "gjenoppstått" i dag. Har skifta litt stil og satse på litt hyppigare oppdateringar!
Ut fra avstemninga var det hemmelighetar om forholdet vårt "folket" ville ha,
så neste innlegg på bloggen BØR vel omhandla da!
Men kan vel sei at me traff kvarandre for første skikkelige gang for omtrent nøyaktig tre år sio i dag!
(Helste vel på kvarandre i Bergen nåken måna før da, men da har David gløymt... kremt)
Og no e da vel tre måna te bryllupet vårt står! Hjelp, me gifte oss!
Sidan sist har me fiksa: Ein brudekjole, fire toastmastera, ei bryllupssuite, ei solosangerinne og ein god porsjon bryllupsnervar!


Ellers håpe me på litt mindre knall og fall enn ditta paret her:

http://www.youtube.com/watch?v=g3yhxh65oyg