tirsdag 17. april 2012

Når dagane blir litt for travle...

... er det godt med litt guilty pleasures - som å leka seg med programmet Picmonkey for eksempel. Ikkje vanskelig å finna eit artig bilde av hipster-kiden i alle fall. Då får eksamenslesing, klesbretting, leilighetssalg, husplanlegging, klesmerking, nistepakking og husvask berre vente:) Ha ei super veke!

mandag 9. april 2012

Sunn norsk ungdom...

Då var påskeferien over for denne gong. For første gong på 15? år feira eg i låglandet, men ein liten tur på Tuftelandsfjellet på Fitjar med måtte til. Jostein, spreke vesle Benjamin og Torill hang på:).  Håpar på mange fleire bæremeisturar utover våren, hurra for retro-Tiur-meisen vår!  Magnusen storkosar seg og prater i eitt oppover bakkane. - Deeer, der, der! peikar han på folk og fe frå sin galante høge hest (!).

søndag 1. april 2012

lørdag 24. mars 2012

Mobilblogginga er i gong:

photo

Hytteliv. Gode folk. Ski. Speider-bål. Pølser. Solbrent nakke. Spel.Vin. Sjokolade.
Laaaang frukost.

fredag 23. mars 2012

Me har kjøpt oss hus!





Eg sit med hjertebank på lesesalen med eit intenst blikk på mobilen. Ingen nye bud, klokka tikkar mot 16. Er det sant? Telefonen ringer: - Då har me fått oss hus, seier David, utan å gjere så altfor stort nummer ut av det.
- Ååååååå! Da e kje sant! kjem det frå andre enden.

Men jo, Håkonshella here we come!

PS: Bilder lånt fra Aktiv Eiendomsmegling.