Ein å vere to i lag med.
Fint med ein å gå på tur i lag med,fint med ein å vere sur i lag med.
Fint med ein å ha ein katt i lag med,ha ei stund i lag med,ta ein blund i lag med.
Fint med ein å vere glad i lag med, eller vere stiv og sta i lag med.
Fint med ein å vere snill i lag med,teie still i lag med,vere til i lag med.
Vere to i lag og teie still,vere to i lag og vere til.
Fint med ein å ha det flott i lag med,ein ein òg kan ha det smått i lag med.
Ein å dele styr og stell i lag med,dele fell i lag med,dele gjeld i lag med.
Ein som ein kan vere blid i lag med,ein ein kjenner seg heilt fri i lag med.
Ein som ein kan halde fred i lag med,og kan le i lag med,hogge ved i lag med.
Vere to og hogge ved,vere to i lag og kunna le.
Fint med ein å få ein prat i lag med eller få ei mål med mat i lag med.
Ein å ro ein liten båt i lag med,vere våt i lag med,kjenne gråt i lag med.
Fint med ein å få ein prat i lag med eller få ei mål med mat i lag med.
Ein å ro ein liten båt i lag med,vere våt i lag med,kjenne gråt i lag med.
Ein som ein kan ta ein trall i lag med, eller snuse på konvall i lag med.
Ein å kunne sjå det gro i lag med,vere god i lag med,vere to i lag med.
Vere to i lag og ikkje sju,vere to i lag med ein som du!
Fritt omskrevet etter Josef G. Larssen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar