mandag 16. mars 2009

For dei som vil sova på sumarøyo

Fitjar - det nære øyriket. Ein stad å oppleva, ikkje berre for timane i bryllupet!
Dagen etter bryllupet blir det frukost/lunch hos
Leikny og Audun Torvund (bruda sine foreldre, jamfør det kvite huset). Me håpar mange vel å overnatta, slik at me også treff dykk her!

Om de har lyst å overnatta anbefaler me:

enten

Fitjar Camping - heilt nyoppstarta og fine leiligheter,
ellers også andre campingmulighetar. Ligg ca 2 kilometer frå Fitjar sentrum/kyrkja,
20 minutt frå festlokalet. Pris for leilighet med plass til seks - 1000 kroner.

eller

Dalebua - idyllisk lite småhus heilt nedi sjøkanten i Fitjar "sentrum".
Ligg nokon hundre meter frå Fitjar kyrkje, 20 minutt frå festlokalet.
Ca 225 kroner per person - plass til seks stykker på tre rom.
Ta kontakt med Torvald på 909 90 406.

Grand Hotell , i Leirvik sentrum. 10 minutt lengre sør enn festlokalet,
30 minutt frå Fitjar sentrum. Me har reservert nokon rom, så ta kontakt på
53 40 96 00 med referansenummer 16352. Pris ca 1000 per rom.

PS!! Me kjem til avslutta festen slik at folk som vil ta 02.00-ferja frå Sandvikvåg (Fitjar) til Halhjem (Os) om natta kan gjere det.

Trykk på kartet for ein større versjon av kor kyrkja ligg i forhold til lokalet og overnattingsmulighetane:)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ikkje for å væra moralens vokter, men eg lyt meg nødt til å bruka raudpennen på følgande: "Dagen etter bryllupet blir det frukost/lunch hos
Leikny og Audun Torvund(bruda sine foreldre)."

Audun innehar nemlig mellomnavnet Inge.

Då får me:
"Dagen etter bryllupet blir det frukost/lunch hos
Leikny og Audun Inge Torvund(bruda sine foreldre)."

Håpar ein kan retta dette snarast.

(NB: Som ein kuriositet er Leiknys fulle navn Leikny Hogganvik Torvund

Solfrid og David sa...

Hei "anonym"! Skal ta opp problemstillinga i familierådet!

Anonym sa...

Så fin blog dere har laget da! Vi gleder oss til den store dagen. Reidun

Anonym sa...

Hi Solfrid,
Hope all the wedding plans are running smoothly. What is the best address to send something to you?
With our best wishes
Joanne

Anonym sa...

"Det enkle er ofte det beste", heiter det i reklamen.
Difor heiter brura sine foreldre i denne samanhengen kort og godt; Leikny & Audun Torvund.
Punktum finale.