tirsdag 17. april 2012

Når dagane blir litt for travle...

... er det godt med litt guilty pleasures - som å leka seg med programmet Picmonkey for eksempel. Ikkje vanskelig å finna eit artig bilde av hipster-kiden i alle fall. Då får eksamenslesing, klesbretting, leilighetssalg, husplanlegging, klesmerking, nistepakking og husvask berre vente:) Ha ei super veke!

mandag 9. april 2012

Sunn norsk ungdom...

Då var påskeferien over for denne gong. For første gong på 15? år feira eg i låglandet, men ein liten tur på Tuftelandsfjellet på Fitjar med måtte til. Jostein, spreke vesle Benjamin og Torill hang på:).  Håpar på mange fleire bæremeisturar utover våren, hurra for retro-Tiur-meisen vår!  Magnusen storkosar seg og prater i eitt oppover bakkane. - Deeer, der, der! peikar han på folk og fe frå sin galante høge hest (!).

søndag 1. april 2012